Kennel Nilsgarden

Kennel Nilsgarden

mandag 30. juni 2014

Dag 8 - 15

Ei veke har gått og kvalpane et, søv og veks! Frå dag 10 tok augene til å opne seg og no har dei tydelege auge alle fem. 

Dei siste to dagane har dei tatt til å leikesloss med kvarandre og det viser tydeleg på ganglaget at beina har fått meir styrke. Dei vaggar rund i kvalpekassa. Litt hyl og skrik av og til, men stort sett er det stilt og roleg. 

Mor Lerke har fått ormekur i to dagar  og kvalpane starta på ein tredagarskur i går. 

I dag har dei alle fem fått halsband for å lettare skilje dei frå kvarandre. Tidlegare har dei vore merka med korrekturlakk på ulike stader på kroppen.

Lerke har fortsatt mykje mjølk til dei. Dei ligg som regel rett ut når dei har fått mat og verkar svært fornøygd med tilværet.

Mammakos 25.juni



Enda meir kos 29.juni


Soving 30.juni





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar