Kennel Nilsgarden

Kennel Nilsgarden

lørdag 12. juli 2014

Dag 22 - 27

Det er nydeleg fint vèr på Sunnmøre med grader over tjuetalet. Vi bur stortsett ute på altanen, i hagen eller framme på garden. 
Kvalpane boltrar seg fritt på altanen utanfor stova og der både et dei, tissar, bæsjar og søv i alle krokar og kre. 
Når det er på det varmaste er dei frykteleg mødde og då er det svalare for dei å ligge inne i hundegarden. 

Dei tre siste dagane har dei utforska graset i hagen. Dei oppdagar nye ting og dei får til nye ferdigheiter stadig vekk. 
Dei klatrar over dørkarmar både ut og inn. 

Dei har fått tenner og dei skal brukast til å bite syskjen, leiker og kvalpeeigarar. Dei har oppdaga at dei må posisjonere seg i flokken. Dei bjeffar og klatrar over alt dei greier for å nå målet sitt. Når dei er vakne er energinivået svært høgt. Dei utfordrar opninga i kvalpegarden inne, så ei forhøying av opninga var nødvendig. Kvalpegarden er god å klatre i og nokre klatrar oppetter og endar med å stå på to bein. 
Etter ei god periode med aktivitet ligg dei rett ut og søv. 

Dei har køyrt bil nokre gongar og det har gått veldig fint. 

Denne veka har tre nye kvalpeeigarar vore på besøk. Kvalpane viser at dei er trygge og tillitsfulle. Dei er van med å bli styrt med og dei taklar godt kvardagslydar. Så langt er dei harmoniske og på veg til å bli sjølvstendige hundar.

Aida og Aiko

 Amaro


Aida og Aiko

 Aida, Alito og Aiko

Angeletta og Amaro

 Alito

Mamsen følgjer godt med

Aiko

Søskenkjærleik. Angeletta og Aida 




På kveldstur på Høgebakken

Angeletta i midten har kanskje ikkje funne rette sovestillinga 

Biltur 

I Nilsgarden for første gong. Ein varm dag! 


Aida

Alito og Amaro 

Leikeslossing under trygge forhold 


Eg vann! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar